Vaksinasjonsprogrammet

Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og kommunane skal tilby innbyggjarane vaksinasjon. Noreg vil få tilgong på fleire vaksinetyper, men det er enno usikkerheit knytta til kor raskt vi får vaksinane og kan tilby desse til prioriterte grupper. Når vaksinane kjem, vil dei vere gratis for alle, og vi håper at flest mogleg vil takke ja.

All vaksinasjon i Noreg er frivillig.

Vaksinane er godkjente

Vaksinane blei klarert for bruk i Noreg 21. desember 2020. Vaksinasjon startar fortløpande, men Bygland er ikkje blant kommunane i landet som får vaksinar først. Vi veit førebels ikkje kva tid vi kan starte med vaksineringa.

Koronavaksinene er ei ny type vaksine som har svært kort bruksfrist i kjøleskap, og kven som ønskjer vaksine må difor vere avklart på førehand. Dei som ønskjer vaksine må vere tilgjengelege når vaksinane kjem til Bygland.

Informasjon frå FHI om koronavaksinane

Om koronavaksinar som kjem til Noreg

Kven kan få koronavaksine?

Dei som er prioritert

FHI gjorde 30. desember endringar i kven som skal bli prioriterte for vaksinasjon. Med den auken vi ser i smittepress i Noreg, ønskjer dei å prioritere utvalde helsepersonellgrupper høgare enn aldersgruppene over 65 år. Helsepersonell var tidlegare ikkje prioritert høgare enn dei nemnde gruppene under. Dette kan du lese meir om her.

Det nye koronaviruset gir infeksjon i luftvegane. Dei fleste får ingen eller milde symptom, men nokre blir alvorleg sjuke. Dei eldste og dei som har enkelte andre sjukdomar frå før har størst risiko for å få alvorleg sjukdom. 

I starten vil det ikkje vere nok vaksinar til alle som blir tilrådd koronavaksine. Basert på råd fra Folkehelseinstituttet har regjeringa gitt følgjande prioritering, med de øvste prioriterte først: 

  • Bebuarar i sjukeheim og omsorgsbustader 
  • Eldre over 85 år 
  • Eldre over 75 år og deretter dei over 65 år 
  • Personer 18–64 år med ein eller fleire nærmare spesifiserte sjukdomar som dei har frå før

Les mer om prioriteringsrekkefølga og kva sjukdomar/tilstander som blir prioritert her.

Dei som takkar ja til vaksine

I første omgang vil dei over 65 år få spørsmål om dei vil ha vaksine eller ikkje. 

  • Dei som svarer ja blir prioritert til å få vaksine først 
  • Dei som svarte nei blir ikkje prioritert i denne runden, men kan få vaksine seinare om de ønskjer det

Den som skal vaksinerast vil få ein SMS eitt døgn før dei skal vaksinerast med informasjon om klokkeslett. Dei som har gitt beskjed om at dei ikke kan motta SMS, blir oppringt i staden. 

Sidan vaksinane må bli sette innan kort tid, er det viktig at alle møter til oppsett time.

Alle som skal vaksinerast må få to doser. Prosedyren med SMS-varsel vil bli gjenteke når den andre dosen skal settjast etter ca. 21 dagar. Det er viktig at alle er tilgjengelege og kan møte på kort varsel. Vaksinen vil først starte å virke ei veke etter den andre dosen er sett.