Podcasten heiter "Dialog på vannet" ettersom samtalane er spelt inn på #vårtagder-båten under Arendalsveka. Her blir du kjent med menneska bak nettverka, prosjekta og satsingane i #vårtagder, som engasjert fortel om det dei brenn for; levekår, klima arbeidsplassar og å løfte Agder sin posisjon nasjonalt

Kva er ein podcast?

Podcast er eit lydformat som gir deg moglegheit til å lytte til gode samtalar og program om interessante tema, når det måtte passe deg.

Kvar finn eg podcasten?

Den finn du alle stader du lyttar til podcast: 

Eksempelvis:
Spotify: https://open.spotify.com/show/6MBTTQNv4YhaXLQTxWWtBw?si=d65b0e2b739746ae
Apple: https://podcasts.apple.com/no/podcast/dialog-p%C3%A5-vannet-en-v%C3%A5rtagder-podcast/id1641676794?l=nb

Hittil er det lagt ut 10 episodar, og meir vil kome.

Desse får du automatisk i spelaren din om du abonnerer på podcasten. Då trykker du "abonner" i appen din.

Der vil og kome melding via e-post og sosiale medie når det blir publisert fleire episodar