Funnet var gjort av nokre gjetargutar som var ute med buskapen nordover frå garden og beitemarka som seinare vart sett under vatn då fjorden vart neddemt ved århundreskiftet. Der i strandkanten på Gullsand ved Stemsbekk fann dei ein lerpose i sanden. Den viste seg å innehalde ei stor samling gullgjenstander.

Gutane tok dette heim, og bøndene på Nese kontakta lensmann Løvdal og sokneprest Münster i Bygland. Desse embetsmennene utforma så ei detaljert gjenstandsliste og sende gullfunnet til Finansdepartementet, saman med gjenstandslista. Derfrå vart gullfunnet overdrege til Universitetets Oldsaksamlingar, nå Kulturhistorisk Museum (KHM) i Oslo.

Funnet vert av arkeologane beteikna som eineståande i sitt slag i Noreg. Gjenstandane frå funnet i Bygland er frå ei tid etter Romerrikets fall, då det frå om lag 400 e. Kr.f. kom mykje gull nordover til dei germanske landa. Dette vart  ofte smelta om til bruk i deira handel og med deira biletmotiv og mønster, slik det hende med gjenstandene i gullfunnet. Det består av 33 gjenstander av gull, derunder betalingsringar med verdi frå 1 til 3 ringar, ei rad gullperler og gullsmykker med inngraveringar av nordiske mønster frå den tida. 

Den samla vekt på gullgjenstandane var på ca ein kvart kilo, og det vart utbetalt 110 Spesidaler 83 skilling sølv i finnarløn for funnet.

Gullsamlinga frå Bygland ligg i Magasinet i Kulturhistorisk Museum i Oslo, og har aldri nokon gong vore vist utanfor museet

Bygland kommune tok hausten 2021 kontakt med Kulturhistorisk Museum med sikte på å undersøke om det ville vere muleg å få gullskatten til utlån på utstilling i Bygland.

Det har sidan vore ein svært god og konstruktiv dialog med Kulturhistorisk Museum, som gav uttrykk for at dei gjerne ville vere med på å gjere kulturhistoria i Setesdal og Bygland meir kjend. Ei utstilling i Bygland av det unike gullfunnet kunne òg vere med på å syne verdien av det arbeid som Museet gjer for å take vare på vår felles kulturarv og historie.

På dette grunnlaget vart det i januar 2022 sendt søknad frå Bygland kommune om utlån av gullfunnet frå 1833 til utstilling i Bygland. Forslaget var at utstillinga kunne synast i Sentrumsbygget, i dei gamle banklokala, der det òg er eit stort bankhvelv som kunne rome montrane med utstillinga av gjenstandane frå gullfunnet.

Det vart gjennomført ein sikkerhetsinspeksjon på Bygland frå Universitetet si side, og søknaden frå Bygland vart godkjent.

Opninga av utstillinga er sett til 3. september 2022 kl 11:00 i Byglandstunet, Sentrumsbygget, 4745 Bygland. Utstillinga skal stå i ein månad. Opningsdatoen er vald avdi dette er opningsdagen for Dei europeiske kulturminnedagane i Noreg 2022. Det er Ass. dir. Karl Kallhovd ved Kulturhistorisk Museum som skal førestå den offisielle opninga.

Dei europeiske kulturminnedagane er eit årleg arrangement som vert halde i regi av Europarådet, og som er Europas største kulturmønstring av tiltak for å styrke Kulturminnevernet. Alle dei 47 medlemslanda i Europarådet melder inn sine arrangement og tiltak, og desse vert samla i ein eigen internettportal på Europarådets heimesider. Dette er knytt saman med nasjonale portalar i alle medlemslanda, så det er ein svært omfattande eksponering av desse kulturhendelsane over heile Europa. Det er Kulturvernforbundet som koordinerar tiltaka i Noreg.

Vi har sett det slik at denne unike utstillinga i Bygland lyt koblast saman med eit formidlingstiltak som kan sette funnet inn i eit historisk og europeisk perspektiv. Difor vil det same dag som utstillinga vert opna haldast ein Europeisk kulturminnekonferanse på Bygland Kulturscene, 3. september kl 13.00 - 17.00

Utstillinga og konferansen vil bli meldt inn som norsk bidrag til Europarådets Europeiske Kulturminnedagar 2022.

Stortingets 1. Visepresident Svein Harberg vil førestå den offisielle opninga av konferansen, der det vil vere deltaking frå Europarådet, Kulturvernforbundet og nasjonale og regionale institusjonar.

Vi er serleg glade for at sterke fagkrefter frå Kulturhistorisk Museum og Setesdalsmuseet vil delta på konferansen, der det m.a. vil det bli ei større utgreiing av Prof. Jan Henning Larsen om dei arkeologiske utgravingane i Bygland, og innlegg om gullfunnet på Bygland i ei historisk ramme om forbindelsane mellom vårt land, Bygland og Europa. Arkeolog Ingvild Solberg Andreassen vil vise nærare original dokumentasjon om Gullfunnet i 1833, og dagleg leiar Leonhard Jansen ved Setesdalsmuseet vil tale om utviklinga i formidling av kulturminne i Setesdal.

Det blir og folkemusikkinnslag, med munnharpe og felespel, stev og dans frå Setesdal. Desse tradisjonane er sett på UNESCOs Verdsarvliste, og det blir orienteringar om UNESCO-prosjektet ved formannen i Setesdal Spelemannslag Gunnar D. Ose og song av elevgrupper ved lærar Guro Kvåle Skibsrud og Hege Jore Gakkestad, Bygland oppvekstsenter.

Etter konferansen blir det avgang frå Bygland Brygge med D/S Bjoren til middag på konferansehotellet, Setesdal Hotell, ved Byglandsfjorden.

Utstillinga og Kulturminnekonferansen vil vere med på å styrke kunnskapen om heimstaden og om den kulturarven og historia som vi deler, som er viktige tiltak for å møte omskiftelege tider.

Du finn plakaten for arrangementet under "Vedlegg"