Vi har lenge hatt eit håp om at nytt ventilasjonsaggregat til symjehallen skulle bli montert, slik at den kunne bli tatt i bruk som vanleg etter haustferien.

Tidene er diverre slik at ein del teknisk utstyr har lange leveringstider, og leverandør har streva med å få på plass alt som må til for å starte byttejobben.

Slik det ser ut no, vil det gamle aggregatet bli demontert i veke 43, montering av nytt vil skje i veke 44, og at symjehallen opnar for fullt i veke 45.

Vi seier oss lei for utsettinga av opninga, men det positive vil vere at utslitt utstyr blir erstatta av eit meir fungerande og miljøvenleg anlegg til beste for både brukarar og driftsstabilitet.