Landbruks- og matdepartementet vil vurdere meir fleksible fristar frå 2019, og har difor avgjort å gje utsett frist i 2018.

Det elektroniske søknadssystemet for produksjonstilskot vil ikkje bli stengt for innsending av del 2 som planlagt etter 15. oktober. Det vil bli mogleg å sende inn søknaden om tilskot til dyr, areal og avløysing m.m. fram til og med 29. oktober.

I tillegg får dei som hadde dyr 1. mars, men gløymte å levere søknad innan 15. mars, ein ny sjanse. Desse kan levere søknad - del 1 på papir og sende til kommunen.

Søknadsskjema del 1 finn du her