Vi har tidlegare sendt ut ein telefonkatalog til alle husstandane i Bygland. Etter at me har fått tilbakemelding frå Rådet for eldre og funksjonshemma, har me no oppdatert den og sender den ut på nytt til alle husstandane.

I telefonkatalogen er direktenummer til avdelingane/tilsette i Bygland kommune. Det vil gjere det enklare for deg som innbyggjar å kome direkte i kontakt med den du vil tale med.

Ver klar over at om vedkomande er på møte, tenestereise eller anna, vil du ikkje få svar. Du vil då kunne legge inn beskjed på ein telefonsvarar, så vil vedkomande ringe deg opp att når han/ho er tilbake på kontoret.

Telefonkatalogen vil bli levert til posten i løpet av denne veka. Vi har eit håp om at den vil ligge i postkassane dykkar i løpet av neste veke. (Veka før påske).

Du kan og sjå telefonkatalogen HER, og under "Kontakt oss" på heimesida.

I same utsending vil det og liggje eit innstikk med informasjon frå Frivilligsentralen.