Korleis er det å vere Ung i Agder?

Etter vinterferien inviterer ein rundt 17 000 ungdomar i Aust- og Vest-Agder til å delta i den hittil største ungdomsundersøkinga (Ungdata) i Agder. I undersøkinga stiller ein spørsmål om ulike sider ved dei unge sin livssituasjon og livsstil. Det hanlar om alt frå forholdet til vener og familie, økonomi, levekår, nærmiljø, trivsel/mistrivsel, levevanar og fysisk og psykisk helse.

Undersøkinga karleggjer eit vidt spekter av ungdomane sine liv, og er ei gåvepakke til alle som arbeider for å betre ungdomane sine levekår. Tidlegare Ungdata-undersøkingar har i stor grad bidrege til auka fokus på livet til ungdomar. Me har fått ei større forståing av mestringsområda og utfordringane deira.

For å kunne leggje til rette for gode oppvekstvilkår, må vi spørje ungdommane sjølve om korleis dei har det. Det er imidlertid ikkje alltid så lett å snakke høgt om vanskelege tema som mobbing, einsemd, bruk av rusmidlar eller trivsel i familien og på skulen. Ungdata blir difor gjennomført som ei elektronisk spørjeundersøking på skulane i skuletida der ein bevarer anonymiteten til alle elevane. På denne måten kan me skaffe kunnskap om ungdom som elles ville vore vanskeleg å få tak i.

Det er difor viktig at foreldre, lærarar, rektorar og andre nøkkelpersonar kjenner til undersøkinga, og oppmuntrar ungdommane til deltaking. Jo fleire som svarer, dess høgare og klarare vil tala rope.

"Ung i Agder 2016" er eit samarbeidsprosjekt mellom alle kommunane i Agder, Kompetansesenter rus - region sør (KoRus), Aust-Agder og Vest-Agder fylkeskommune og Universitetet i Agder. Alle elevane på ungdomstrinnet i båe Agderfylka, samt alle elevane i vidaregåande skule i Setesdal, vil få tilbod om å delta i undersøkinga.

Me er opptatt av at det å delta i undersøkinga skal vere meiningsfullt. Ved å delta i undersøkinga, bidreg ungdommane til å styrke kompetansen på ungdomen sitt kvardagsliv. Resultata kan, og bør, jobbast med på fleire ulike nivå. Vår bodskap til undommen i Agder er difor: Grip denne moglegheita til å gje ei tilbakemelding på korleis du opplever kvardagen din.

Ved spørsmål knytte til undersøkinga, ta kontakt med spesialkonsulent Rosanne Kristiansen ved KoRus Sør (994 20 688, rosanne.kristiansen@borgestadklinikken.no) eller Ruskonsulent Wenche Gauslaa Hægeland i LMT Setesdal (900 68 874, wenche.haegeland@e-h.kommune.no