Formålet med teamet er å sikre kvalitet i arbeidet med det psykososiale arbeidet i skule og barnehage ved å utnytte den samla faglege kunnskapen i kommunen best mogleg.

Det kan ofte vere vanskeleg å stå aleine med ein bekymring, og i Tverrfagleg ressurteam kan ein få hjelp til å sjå saka gjennom ulike «fagbriller» og kome fram til avhjelpande tiltak.

Teamet har sjølvsagt taushetsplikt, og kan ikkje drøfte ei bekymring utan samtykke frå føresette. Teamet skal bestå av:

  • Helsesjukepleiar
  • Ein repr. frå PPT
  • Ein repr. frå Barnevern
  • Sosiallærar
  • Spes.ped koordinator
  • Pedagogisk rådgjevar
  • Tenesteleiar/assisterande tenesteleiar

Ressursteamet skal ha faste møter to gonger i månaden på Bygland og Byglandsfjord.

Tverrfagleg ressurteam er ein del av arbeidet med Oppvekstreformen der fokuset er å bygge laget rundt barnet.

Som føresett kan du melde bekymring til pedagogisk rådgjevar Ann Cecilie Andersen på tlf. 482 14 913.