Dette inneber at den kommunale aksjonskomiteen ikkje vil engasjere seg med å rekruttere bøsseberarar som ved tidlegare aksjonar.

Sjølv om kommunestyret har fatta eit slikt vedtak, er det sjølvsagt opp til den enkelte innbyggjar om ein ønskjer å delta i TV-aksjonen som bøsseberar.

TV-aksjonen 2020 er spesiell, då det ikkje blir tradisjonell innsamling med bøsseberarar som kjem rundt til husstandane med innsamlingsbøsser. I år er aksjonen digital, noko som medfører at dei som ønskjer å vere "bøsseberarar" må registrere seg, få tildelt si digitale bøsse som må/kan bli marknadsført til dømes via sosiale medie, sms m.v.

Personar som ønskjer å delta, kan registrere seg som digital bøsseberar ved å logge seg inn på http://www.blimed.no.

På desse sidene finn ein opplysningar om ulike måtar å delta eller ulike måtar å gje bidrag på i årets TV-aksjon.

For dei som ønskjer å gje bidrag til TV-aksjonen 2020, kan m.a. gjere dette ved å betale med Vipps til 2133 eller ringe tlf. nr 822 08 008 (bidrag på kr. 300.-)