Den ordinære drifta av TUBFRIM opphøyrte frå og med 22. oktober 2022.

-Samfunnet blir digitalisert, og mengda innsamla frimerke har gått drastisk ned. Dei siste fem åra, 2017 - 2021 viser at det vil bli vanskeleg å produsere overskot i åra framover. Difor er avgjersla om å avvikle drifta naudsynt, skriv TUBFRIM.

TUBFRIM vil fram til nyttår 2022/2023 framleis ta i mot alt av brukte frimerker etc, samstundes som det blir arbeidd med alternative løysingar for dette.

Frå og med 25. oktober vil det i 3 - 4 veker bli gjennomført eit opphøyrssal med gode prisar.

Historikk

TUBFRIM blei etablert i 1928 på Nesbyen av postmester Ditlef Frantzen. TUBFRIM skulle samle inn og selge brukte frimerker. Overskotet skulle bli brukt til tuberkolosearbeidet blant barn i Noreg.

TUBFRIM blei overdrege til Nasjonalforeningen for folkehelsen i 1947. TUBFRIM bygde sitt eige frimerkehus, Solstad, i 1958. På det meste arbeidde det 14 personar på TUBFRIM. Innsamling av frimerker og annan filateli har heilt tida vore hovedaktiviteten, sjølv om både Telekort og postkort har vore tilleggsprodukt i seinare ti-år.

Det har og skjedd endringar i kva overskotet skal bli brukt til. I dag går overskotet til helse- og trivselsfremmande tiltak for barn og unge i Noreg, og til arbeid mot tuberkulose. Frå 1928 og fram til 2021 har TUBFRIM delt ut kr. 26 millionar kroner til omlag 2700 gode tiltak.

Har du frimerker heime?

Bygland kommune har i mange år samla frimerker og sendt til TUBFRIM. Vi har planar om å sende ein kasse med frimerker innan fristen går ut. 

Om du ønskjer å levere frimerker til TUBFRIM, kan du levere dei til kommunehuset, så kan vi sende samla.