Slik melder du frå:
Fuglar som er døde av ytre skadar, er avmagra eller rotne, er i utgangspunktet ikkje aktuelle å undersøke for fugleinfluensa.

Men, finn du dette bør du kontakt Mattilsynet:

  • Fleire (4 - 5) sjuke/døde "andefuglar" i eit avgrensa område i nærleiken av vatn/sjø eller våtmark
  • Mange andre døde fuglar i eitt og same område
  • Død rovfugl på typiske opphaldsstader for andefuglar

Nord-Trøndelag, Rogaland, austlandet og Oslofjord-området er mest sannsynleg landingsplass for desse trekkfuglane.

Andefuglar (ender, gjess og svanar), måkefuglar, vadefuglar, rovfuglar og åtselsfuglar (t.d. kråker) er mest utsette for smitte.

Melding gjev du til Mattilsynet sitt distriktskontor på tlf 22 40 00 00, som i kvart enkelt tilfell vil vurdere behovet for å sende inn fuglen/fuglane til nærare undersøking. Av omsyn til generell smittefare, skal alle unngå å kome i fysisk kontakt med sjuke og/eller døde fuglar.

Store konsekvensar for tamme fuglar
Typen av fugleinfluensa som herjar i Sentral-Europa er ikkje farleg for menneske. Fugleinfluensaen er dødeleg for både tamme og ville fuglar. Det er difor viktig å siker at dei ville fuglane ikkje kjem i kontakt med tamme fuglar i Noreg.

I tillegg til overvakinga, har Mattilsynet iverksett ei rekke tiltak for å hindre at fugleinfluensaen smittar tamme fuglar i Noreg. Det er m.a. fastsett ei "Portforbudforskrift" som seier at tamme fuglar skal haldast innandørs eller ute under tett tak.
Dette kravet gjeld for tamme fuglar som er i følgjande område: Oslo, Akershus, Hedmark, Oppland, Vestfold, Østfold, Buskerud, Telemark, Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag.

Dersom du har fjørfe og/eller andre fuglar i fangenskap (ikkje burfuglar innandørs), og bur i desse områda, må du og hugse på å registrere fjørfehaldet ditt hos Mattilsynet.