Kommuneoverlegen ber passasjerane teste seg og gå i avventande karantene.

Dette gjeld følgjande avganger:

  • Linje 170 Bygland - Kristiansand fredag 9. april med avgang frå Bygland kl. 15:20
  • Linje 100 Kristiansand - Arendal fredag 9 april med avgang kl. 17:15 frå Kristiansand sentrum

Testing:

Dersom du har vore passasjer på ein av desse avgangene, bestiller du testing ved å ringe til ditt næraste testsenter. Er du i Bygland, kan du  ringe legekontoret i på tlf 37 93 47 30) og deretter gå i avventande karantene.

Dette er reglane for avventande karantene:

  • Ikkje gå på skole eller jobb
  • Ikkje ta offentleg transport
  • Ikkje gå på besøk eller ha besøk
  • Du kan gå tur, men hald to meter avstand til andre
  • Du bør få andre til å handle for deg
  • Hald god avstand til andre vaksne og eldre barn i husstanden