Med å tilpasse ein bustad, meiner vi å gjere den eigna slik at du framleis kan bu i den, sjølv om du har nedsett funksjonsevne. Tilpassinga må vere hensiktsmessig og behovet for tilskot blir vurdert utifrå husstanden sin økonomiske situasjon på sikt.

Husbanken har både låne- og tilskotsordningar som kan gjere det mogeleg å tilpasse bustaden din. Kommunen sin sakshandsamar vil kunne hjelpe til med å finne fram til dei moglegheiter som finns for deg.

Kven kan få tilskot til tilpassing?

  • Husstandar eller enkeltpersonar som treng tilpassing av bustaden
  • Eldre som ønskjer å utføre førebyggjande tilpassingstiltak

Kva kan det bli gjeve tilskot til?

  • Både enkle tiltak for å betre tilkomsten til bustaden, og til større ombyggingar for å tilretteleggje bustaden
  • Både eigd og leigd bustad

Bygland kommune har no midlar til tilpassing. Om du meiner at dette passar for deg, eller om du treng meir informasjon, kan du ta kontakt med NAV Bygland.

Søknadsfrist: Seinast 15. desember. Søknadar vil bli handsama fortløpande.

Søknadsskjema