Vi minner om drop-in vaksinering 11. august (Les meir lenger nede)

Det har i ein periode vore tilbod om ein fjerde vaksinedose til dei eldste, som har størst risiko for alvorleg forløp ved smitte med koronavirus. Relativt få har benytta seg av dette tilbodet. På bakgrunn av råd fra Folkehelseinstituttet  som regjeringa nyleg har fått, tilrår ein no ein ny oppfriskingsdose koronavaksine for alle personer frå 75 år og oppover med oppstart 1. juli 2022.

Folkehelseinstituttet tilrår følgjande prioriteringsrekkefølge:

1. Bebuarar i sjukeheimar og sårbare personar som er 75 år og eldre med heimmesjukepleie

2. Aldersgruppa 80 år og eldre

3. Aldersgruppa 75-79 år

Kva er status i Bygland?

I Bygland har vi hatt tilbod om vaksinering for dei over 80 år som enkelte har nytta seg av. Bebuarane på Byglandsheimen og ein del med heimesjukepleie blir vaksinert no.

Vi har bestilt fleire vaksinar som blir levert i veke 29 og kjem til å ha drop inn følgjande dagar.

  • Torsdag 11. august

Vaksinering skjer i leilegheita på nordsida av Bylandsheimen.

Ingen timebestilling, det er berre å møte opp, men ein må regne med noko ventetid.  

Fyll gjerne ut eigenerklæringsskjema på førehand.  

LENKE TIL EIGENERKLÆRINGSSKJEMA