Vi gjer merksame på at dette er eit tilbod, ikkje ei tilråding frå FHI. Med det meiner ein at det er heilt opp til den enkelte om ein ønskjer å få denne oppfriskingsdosen.

Vaksineringa går føre seg i leilegheita på nordsida av Byglandsheimen på følgjande dagar. (Etter alder)

  • Onsdag 7.12. kl. 9 - 15  for dei som er mellom 60 - 64 år
  • Torsdag 8.12. kl. 9 - 15 for dei som er mellom 50 - 59 år
  • Onsdag 14.12. kl. 9 - 15 for dei som er mellom 40 - 49
  • Torsdag 15.12. kl. 9 - 15 for dei som er mellom 18 - 39 år

Dersom det er mange som møter, vil ein måtte rekne med noko ventetid.

Om du ikkje har høve til å møte, vil kommunen sette opp fleire vaksinedagar på nyåret.

Kva seier FHI?

Regjeringen opnar opp for oppfriskingsdose til personar i aldersgruppa 18 - 64 år utan underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp.

FHI vurderer at gruppa 18 - 64 år utan underliggande risiko per no ikkje blir inkludert som ei av målgruppene som blir tilrådd ein ny oppfriskingsdose, men at det likevel blir opna opp for at dei som sjølve ønskjer det, kan ta ein ny dose.