Tid og stad

Torsdag 26. januar frå kl. 14.00 - 17.00
Torsdag 9. februar frå kl. 14.00 - 17.00

Stad: Leilegheita på Byglandsheimen

Du vil ikkje få innkalling, det er bare å møte opp!

 

Informasjon frå FHI

Oppfriskingsdosar:

Folkehelseinstituttet (FHI) tilrår at følgjande grupper bør ta ein ny oppfriskingsdose med koronavaksine:

  • personar i aldersgruppa 65 år og eldre
  • personar i aldersgruppa 18 - 64 år med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp
  • ungdom i aldersgruppa 12 - 17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • gravide i 2. og 3. trimester

Dette vil for dei fleste vere dose 4, men for enkelte med alvorleg svekka immunforsvar, vil det vere dose 5.

Lenke til meir informasjon frå FHI