Gjestebod
Dersom du kunne tenke deg å vere gjestebod-vert, så får du desse oppgåvene:

  • Inviter inntil 8 gjester (vener og bekjente)
  • Arranger gjestebodet der du måtte ønskje (t.d. heime eller på ein møteplass) - hugs at det gjerne kan vere enkel servering
  • Send svar til kommunen - gjerne kort og maks to sider - innan 31. desember

Tema som skal diskuterast er:

  • Korleis blir Bygland ein framtidsretta og god kommune å bu og vakse opp i om 12 år?
  • Korleis forsterkar vi heile kommunen sin attraktivitet og tiltrekkingskraft mot 2032?
  • Korleis skal Bygland bli meir klima- og miljøvenleg?

Dersom du kan tenke deg å vere gjestebod-vert, ta kontakt med fagleiar plan Sonja Lien Skjevrak, sonja.skjevrak@bygland kommune.no, tlf. 9015 1154 innan onsdag 18. desember.

Håpar å høyre frå deg!

Vil du lese meir om kva eit Gjestebod er? Då kan du trykke HER