Kriseleiinga i våre to kommunar er uroa for at vi kan kome i samme situasjon som kommunane på Austlandet. Difor vil vi no oppmode alle om å vere ekstra nøye med å følgje dei nasjonale smitteverntiltaka. Dei kan du lese om på våre nettsider og på regjeringen sine sider.

Lokale tilrådingar

Vi ønskjer og at alle følgjer desse fire lokale råda fram til situasjonen på austlandet er avklart:

  1. Unngå å reise til Austlandet. Ikkje reis om det ikkje er ytterst naudsynt
  2. Personar som kjem frå Austlandet, bør halde avstand til andre og teste seg, sjølv med milde symptom på covid-19
  3. Unngå møte der deltakarane kjem frå fleire kommunar
  4. Unngå besøk til institusjonane våre dersom du har vore på Austlandet eller har møtt nokon frå der etter 18. januar 2021. Vi ønskjer at du ikkje besøker institusjonane våre dei ti første dagane etter at du har vore på Austlandet

Dette gjeld for personar som har kome til Bygland og Evje og Hornnes frå og med 18. januar 2021.

Vi presiserer at dette er sterke tilrådingar, men ikkje pålegg

Får støtte av kommuneoverlegen

Kommuneoverlege Åsulv Horverak deler kriseleiinga sine bekymringar og støtter dei lokale anbefalingane:

-Det er viktig at vi gjer ein innsats for å hindre at virusa får fotfeste her, både dei muterte versjonane og dei "vanlege", poengterer harn

Definisjon

Med "Austlandet" meiner vi dei 10 kommunane som er hardast ramma av den muterte versjonen av koronaviruset og dei 15 omkringliggjande kommunane: Nordre Follo, Oslo, Enebakk, Ås, Vestby, Nesodden, Indre Østfold, Moss, Frogn, Våler, Asker, Aurskog-Høland, Bærum, Drammen, Horten, Lier, Lillestrøm, Lunner, Lørenskog, Marker, Nittedal, Rakkestad, Rælingen, Råde og Skiptvedt.

Slik testar du deg

I Bygland kommune kan du ta test kvar dag. Du kan ringe Bygland legekontor for å avtale tid måndag til fredag kl. 08:00 - 15:00 på telefonnummer 379 34 730. Er det stengt på legekontoret (kveld, helg eller heilagdag) ringar du legevakta på telefonnummer 116 117.

Du må halde deg heime til du har fått testresultatet. Oftast får ein svar ein eller to dagar etter at testen er tatt.

Takk for innsatsen

Kriseleiinga i kommunane ønskjer å takke innbyggjarane for at de er med på dugnaden. Det har vore ein lang dugnad, og den er ikkje over endå. Vi har derimot hatt låge smittetall lenge, og no som vaksineringa er godt i gong i begge kommunane, håper vi at vi går ljosare tider i møte.

 

Med venleg helsing

John Salve Sigridnes og Frantz Are Nilsen
kommunedirektørar og leiarar for kriseleiinga
i Bygland og Evje og Hornnes kommunar