Vi ser imidlertid at fleire delar av landet no opplever høge smittetall. Blant anna er Kristiansand for tida på smittetoppen. Vi ønskjer difor å tydeleggjere informasjon om korleis du skal forhalde deg til testing, karantene og isolasjon om du besøker kommunane Bygland eller Evje og Hornnes. Visste du til dømes at personar som reiser til kommunar med mindre strenge smitteverntiltak, bør som ein hovudregel følgje tilrådingane som gjeld i kommunen dei bur i til vanleg? Om til dømes munnbind blir tilrådd på offentlege stader i din heimkommune, bør du bruke det også i hyttekommunen.

Byrjar du å føle deg sjuk medan du er på besøk i kommunen?

Det er sterkt ønskjeleg at du reiser tilbake til din heimkommune om du byrjar å kjenne symptom eller tenker at du burde ta ein koronatest.

Dersom du ikkje har høve til det, kan du bestille ein time for å ta koronatest i våre kommunar.

Kontaktinformasjon testing

Bygland
Ring Bygland legekontor 37 93 47 30 før kl. 10:00 måndag til fredag for å avtale tid og stad for testing i Bygland kommune. Telefonen er open frå 08:00 - 11:30 og 12:30 - 15:00

Evje og Hornnes
I Evje og Hornnes kommune kan du ta test kvar dag. Alle som vil teste seg samme dag må ringe før kl. 11:00.

Ring Evje legesenter for å avtale tid på telefonnummer 37 40 79 00. Telefonen er open kl. +08:30 - 11:30 og 13:00 - 15:00 måndag til fredag.

Er det stengt på legesenteret/legekontoret, eller du treng å bli testa laurdag eller sundag på grunn av symptom, må du kontakte legevakta på telefonnummer 116 117.

Hugs at du er i karantene fram til prøvesvaret på denne testen ligg føre. Dette kan ta eitt - tre døgn, og avheng av Sørlandet sjukehus sin kapasitet til å analysere testane. Når svaret er klar, kan du sjå dette på Din side på http://www.helsenorge.no

 

Ikkje karantene eller isolasjon på hytta

Har du tatt ein test før du reiser på hytta, må du vente heime til svaret ligg føre. Ikkje reis på ytta før du veit om du er sjuk eller ikkje. Du kan risikere å bli så sjuk at du treng helsehjelp. Då er det best at du er i din heimkommune.

Du kan ikkje reise på hytta å sitte i karantene der. Du kan heller ikkje reise på hytta å sitte i isolasjon der. Karantene og isolasjon må gjennomførast heime. Reis difor heim frå hytta om du blir sjuk.

Nasjonal informasjon om vinterferien

helsenorge.no kan du lese nasjonal informasjon om vinterferie i Noreg.

Kommunane Bygland og Evje og Hornnes har per 25. februar 2021 ikkje nokon lokale tiltak i høve smittevern. Det er difor dei nasjonale reglane som gjeld. Desse kan du lese meir om her: Regjeringen.no