12. mars 2014 var det oppstart av eit lågterskeltilbod for testing av seksuelt overførgare infeksjonar ved Infeksjonspoliklinikken ved Sørlandet sykehus i Kristiansand.

Du kan få raske svar og gode råd av spesialisert helsepersonell onsdagar kl 16:00 - 19:00 på medisinsk poliklinikk ved Sørlandet sykehus i Kristiansand.

Drop-in eller timebestilling hos sjukepleiar. Tilbodet gjeld for alle over 18 år, og det er ingen øvre aldersgrense. Konsultasjonar, testar og eventuell behandling er gratis. Ein treng ikkje henvisning for å kome der.

Tlf: 901 40 091
Epost: testdeg@sshf.no
Internett: http://www.sshf.no/testdeg