Kommunen veit at butikken har hatt godt smittevern over lang tid, og dei har gjort ein god jobb for å unngå å få smitte i butikken. Når dei då likevel opplevde ein smittesituasjon, har dei gjort alt som har stått i si makt for å forhindre spreiing. Det har dei lukkast med, og på grunn av dette arbeidet kunne butikken opnast att såpass kort tid etter smitteutbrotet.

Det er særdeles viktig at alle, også næringslivet, gjer så godt dei kan for å forhindre smitte. Smitteutbrot kan likevel skje, og då er det viktig at ein tar kontakt med kommunen for å få retningsliner på kva ein skal gjere for å forhindre vidare utvikling av smitten.

Igjen, takk til Prix Byglandsfjord for eit strålande eksempel på rask og god respons!