Givargleda har vore stor og alle fire bustadene er no møblert med fine ting. Kommunen har kjøpt noko nytt, men det meste er gitt av innbyggjarane.

Vi vil takke spesielt Gro Tove Frafjord, Vigdis Beisland, Nina Bygland og Olav Grendstad for ein fantastisk innsats. Dei har vaska, køyrt for å hente møblar, møblert, skrudd og dei har tenkt på absolutt alt. Slik som bustadene er blitt innreda kan vi nå ta i mot flyktningar i fine leilegheiter.

Når vi får flyktningar er frivillige klare for å hjelpe til slik at dei får ein god start i Bygland. Endå veit vi ikkje kva tid og kven som kjem, men har meldt inn til IMDI at vi er klare til å busetje 15 personar.