Saman skal vi sykle, for å skape gode og inkludarende lokalsamfunn. Hovudmålet med sykkelturen er å sette lys på meirverdien av å føle seg til nytte i samfunnet, og oppleve gode relasjonar i kvardagen. Turen gjeng frå Nordkapp til Arendal, under Arendalsveka, frå 21. mai til 15. august 2022. Dag-Otto Lauritzen er ein av våre stolte ambassadørar.

Sykkelturen er delt opp i fleire deletappar, og kvart fylke har fått 7 etappar. Ein av etappane gjeng frå Bygland til Evje og Hornnes langs riksveg 9, og er den einaste etappen i Setesdal!

Vi ønskjer at dette skal bli ein festdag langs riksveg 9 til Evje, og vi samarbeider med Evje og Hornnes Frivilligsentral for å dette til. Norges Frivilligsentralar kjem med 6 Rickshawsyklar som skal syklast på på denne etappa. I tillegg har kommunane til saman, 4 rickshawsyklar sjølve.

Etappa vår går den 8. august. Med stor oppslutning og god pressedekning vil 8. august bli ein dag for å få vist fram ikkje berre den flotte naturen langs riksveg 9, men også eit mangfald av aktivitetar på tvers av generasjonar, kulturar og samfunnslag. Engasjement frå både born, unge, eldre, privatpersonar, lag og foreiningar blir tatt godt i mot. Til no har vi om lag 17 ulike organisasjonar som har meldt seg på med ulike aktivitetar langs ruta. Ruta vil blir delt inn i etappar, og det vil vere noko som skjer i kvar grend frå Bygland til Evje.

Vi treng frivillige til å vere pilotar på rickshaw-syklane, og nokre til å sitte på. Det kan gjerne vere born, unge eller eldre som av ulike grunnar elles ikkje får moglegheit til å vere i aktivitet. Ikkje berre det, vi vil også ha med andre som vil sykle med oss denne dagen. Du kan nytte elsykkel eller vanleg sykkel. Vi har fleire elsykklar til utlån denne dagen, dersom du ikkje har sjølv! Ein kan vere med å sykle ein etappe eller fleire, det vel du sjølv. Ein treng ikkje vere spesielt sprek for å vere med, dette blir ein kosetur for turen si skuld.

 

Har du lyst til å vere med i eit etappeteam?

Vi treng også nokre som vil vere med i eit såkalla etappeteam. Dette teamet vil samarbeide overordna knytt til førebuing til arrangementet, og ha ei ledande rolle på etappedagen. Det gjeld ansvar for mat og drikke, for spesille ting når det gjeld syklistane, for sikkerheit osv.

Dersom DU vil vere ein del av denne store dagen kan du melde di interesse på: https://frivillig.no/bygland-frivilligsentral/bli-med-pa-sykkelturen-2022-og-loft-frivilligheten-fra-bygland-til-evje . Her finn du alle oppgåvane vi treng folk til, anten det er som sykkelførar, heiagjeng, passasjer eller anna.

Trivst du meir med ein telefon eller sms, kan du sende det til dagleg leiar Bygland Frivilligsentral ved  Anne Fauske 945 10 770.

Vi håper at dette blir eit signalarrangement der vi set dalen, frivilligheita, dugnadsånda og glede på kartet!

Vil du har meir informasjon?

Vil du finne ut meir om etappane, kva som skal skje eller anna kan du kikke her: Norges Frivilligsentraler (sykkelturen2022.no)