Kampanjen har blitt lansert for å styrke kunnskapen om eigenberedskap hos folk.

Hovudinnhaldet i kampanjen er konkrete råd om kva folk kan gjere for å førebu seg best mogleg om noko skulle skje med kritiske samfunnsfunksjonar som straum, mobilnett, internett, transport, vatn og avlaup.

Dei grunnleggjande behova som må dekkast dei første tre døgna av ei krise er: varme, drikke, mat, legemidlar, hygiene og informasjon.

Meir om kampanjen:

Informasjonsmateriell kan du finne HER.

På http://www.sikkerhverdag.no finn du oppdaterte råd og konkrete foslag til kva ein alltid bør ha i heimen. Råda dei gjev, har vore ute på breid høyring og er forankra hos aktuelle mynder.

Ditt eige beredskapslager:
Nedanfor er eit eksempel på kva ein kan ha i hus for å klare seg sjølv i tre døgn:

  • 9 liter vatn pr. person
  • To pakker knekkebrød pr. person
  • Ei pakke havregryn pr. person
  • Tre boksa middagshermetikk eller tre posar tørrmat pr. person
  • Tre bokser pålegg som held lenge pr. person
  • Nokre posar turka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade
  • Medisin du er avhengig av
  • Ved-, gass- eller parafinovn til oppvarming
  • Grill eller kokeapparat som går på gass
  • Stearinljos, lommelykt med batteri, parafinlampe
  • Fyrstikker eller lighter
  • Varme klede, pledd og sovepose
  • Førstehjelpspakke
  • Batteridreven DAB-radio
  • Batteri, batteribank (powerbank) og mobilladar til bilen
  • Våtserviettar og desinfeksjonsmiddel
  • Turke-/toalettpapir
  • Litt kontantar
  • Ekstra drifstoff og ved/gass/parafin/
  • Raudsprit til oppvarming og matlaging
  • Jodtablettar (til bruk ved atomhendelsar)