Kven kan søke?

Tilskotsordninga gjeld for organisasjonar i prisområde med ein månadleg gjennomsnittspris på over 70 øre per kWt i desember. Månadleg gjennomsnittspris i kvart av prisområda blir publisert på nettsidene til Reguleringsmyndigheten for energi i NVE (RME) i starten av kvar månad.

Følgjande organisasjonar har rett til å søke:

  • Verksemder som er registrert i Frivillighetsregisteret
  • Verksemder som ikkje er i Frivillighetsregisteret, kan søke dersom eigarar/medlemmer med avgjerande innflytelse er registrert i Frivillighetsregisteret
  • Andre frivillige verksemder som ikkje blir dekka under a. og b. kan få støtte dersom verksemda hovudsakeleg blir driven av frivillig arbeidsinnsats, og der det ikkje er høve for privatpersonar eller kommersielle føretak å oppnå økonomiske fordelar frå verksemda. Ein forstår frivillig arbeidsinnsats som menneske som bidreg utan lønn eller annan form for økonomisk motyting, no eller i framtida

Søkjar må ha organisasjonsnummer.

Kva kostnadar blir kompenserte?

Tilskotsordninga vil kun gjelde straumforbruk i prisområde med ein gjennomsnittleg månadleg straumpris på over 70 øre per kWt.

Gjennomsnittleg månadleg straumpris blir rekna av Reguleringsmyndigheten for energi siste dag i den aktuelle månaden. Satsen kan rundast av til heile øre.

Følgjande skal ikkje kompenserast:

  • Straumforbruk knytta til utføring av offentleg lovpålagde oppgåver på oppdrag frå stat, fylkeskommune eller kommune. Døme på dette er ideelle organisasjonar som driv barnehagar, barnevern, skolar, omsorgsbustader og anna helsetilbod
  • Økonomisk verksemd der kompensasjon til denne verksemda er i strid med EØS-avtalen sine reglar om offentleg støtte
  • Straumutgifter som allereie er kompensert gjennom dei statlege straumstøtteordningaen for hushald eller landbruket

Korleis kan eg søke?

Lotteri- og stiftelsestilsynet har oppretta eit søknadsskjema for tilskotsordninga. Lenke til søknadsskjema og informasjon om søknadsfristar finn du på lottstift.no .

Kva er fristen for å søke?

For den forlenga perioden april 2022 - mars 2023 vil det vere mogleg å søke om straumstøtte kvart kvartal. Neste søknadsrunde opnar 26.10.22.

Kor mykje får vi?

Tilskotet blir rekna etter faste satsar på om lag same nivå som i ordninga for hushald. Søkjarane må dokumentere kWt-forbruk for førre periode.

Organisasjonane som kvalifiserer til tilskot kan forvente å få ei støtte tilsvarande 80 prosent av straumkosnadane over 70 øre per kWt opp til gjennomsnittsprisen den månaden. 

 

Tekst henta frå www.regjeringen.no