Behov for ekstra skjema?
HER finn du skjema for "Sett elg", "Sett hjort", "Taggeskjema" og "Avtale om godkjent ettersøkshund".

Tagge-, hjorteflue- og flåtteskjema
Det vart sett elgoksar med minst 10 taggar 12 gonger i 2013, 2 gonger i 2014 og 1 gong i 2015, 2016 og 2017.
I 2017 vart det registrert flått på 1 elg. Ingen hjortelusfluge er registrert i Bygland.

Jakttid
Jakttida på elg er fastsett til 25. september til 23. desember ved ny forskrift i 2017. For hjort er jakttida 1. september til 23. desember.

Krav om godkjent ettersøkshund
Forskrift om utøvelse av jakt og fangst §23 krev at jaktlag og personar som jaktar aleine på elg, hjort og rådyr skal ha tilgang til godkjent ettersøkshund.
Dersom slik hund ikke er meg under jaktutøvinga, skal det ligge føre ein skriftleg avtale som sikrar tilgang innafor eit rimeleg tidsrom etter påskyting.

Ettersøksplikt, forfølgingsrett og avliving av såra storvilt
Forskrift om utøvelse av jakt og fangst §27 seier i korte trekk:

  • den som skadeskyt storvilt, pliktar å gjere det ein kan for å avlive dyret snarast råd
  • jegaren pliktar å forvisse seg om påskote dyr er treft eller ikkje
  • så lenge ettersøk varer, skal det ikkje bli jakta på andre dyr
  • dersom pliktig ettersøk ikkje fører til resultat første dag, skal grunneigar og kommune ved Kai Larsen, 37 93 41 35 / 959 11 781 / politiet ha beskjed. Skal ein bruke kunstig lys ved ettersøk, må det og meldast inn til Kai Larsen i forkant av ettersøket

For meir informasjon om ettersøksplikt, sjå Forskrift om utøvelse av jakt og fangst.

GPS-merkeprosjekt av hjort
De kan følgje dei merka hjortane med å gå inn på følgjande side: http://bioweb07.bioforsk.no/hjortgis. Brukarnamn: mrsthjort, passord: cervus
Facebook - søk på: "hjort og hjortemerking"
Merka hjort kan no fellast under jakta. Skyt de ein merka hjort, må de ikkje skjere av halsbandet, men løyse skruvane. Veg dyret nøyaktig, øyre med øyremerke, kjeve og livmor med eggstokkar (frå kolle) merkast og frysast ned. Fyll ut skjema som de finn på http://www.hjortmerk.no/. Kontakt kommunen for overlevering av organ og halsband. Feller de kalv til merka kolle, fyllast og skjemaet ut. Ser de eller har felt merka dyr, kan de melde det til prosjektleiar Erling Meisingset på SMS 404 80 203, epost: erling.meisingset@nibio.no eller til underteikna. Send og gjerne bilete de får tatt av merka hjort med kamera. For meir informasjon, sjå eige skriv.

Lisensjakt
Fleire jaktfelt har gitt fullmakt til at valdleiar kan gi løyve til jakt på store rovdyr viss det opnast for lisensjakt. Vestsidad storvald og Skomedal jaktvald har fått underskrift av nesten alle grunneigarar i sitt vald. Skjema Grunneigarfullmakt for lisensjakt på gaupe, bjørn, ulv og jerv kan de få av underteikna eller valdleiar.

Levering av vilt til viltslakteri
Krav er her at dyret er feltkontropllert eller de leverer med indre organ (hjarte, lunge, lever, nyrer, milt og hovud) i lag med slaktet.

Sjuke dyr
Det har siste året kome inn meldingar om alvorlege sjukdomar på hjorteviltet, som CWD-smitte, fotråte, hjernemark og svelgbrems (dei tre siste på rein). Finn de døde, eller må avlive sjuke dyr, skal de melde frå til viltnemnda.

Fellingsavgifter
Vaksen elg: 460 kr., elgkalv: 200 kr., vaksen hjort: 350 kr. og hjortekalv: 200 kr.

Hjortejakta
For å unnga at vi kjem opp i ein situasjon der det blir felt for mange hjort av ein kategor dyr i eit vald "som praktiserer fyrste mann til mølla-prinsippet", må: Alle som jaktar hjort straks melde inn felt hjort til valdleiar, og alle jaktlag må forvisse seg om kva som er igjen på kvota før ein går ut på jakt. Felt hjort som ikkje er igjen på kvota, er ulovleg felt vilt.

Sett elg og sett hjort kan førast direkte på elektronisk skjema: https://settogskutt.no
Jaktlag som jaktar i område der det er stor sannsynlegheit for å møte på hjort, og har avtalt at hjort kan fellast under elgjakt, skal føre eige sett hjort-skjema. Jakt før og etter elgjakt på hjort førast på eige skjema eller ein fortset på skjemaet som blir brukt under elgjakta.

Meir informasjon om føring av sett elg og sett hjort-skjema finn du på nettsida til hjortevilt: http://www.hjortevilt.no/slik-forer-du-sett-elg-og-sett-hjort/#.VDZL5k2KBaS