Førehandsrøystinga

Førehandsrøystinga stengte fredag 10. september kl. 14:00.

Oversikta viser at det var 351 byglendingar som førehandsrøysta! Det utgjer 39,1% av dei røysteføre i kommunen.

Valdagen 13. september

Det er to stader i kommunen du kan røyste på valdagen: Årdalshallen på Byglandsfjord, og Byglandshallen på Bygland.

Vallokala opnar kl. 12:00 og stenger kl. 21:00.

 

Til deg som skal røyste:

Om du har valkort, er det fint om du tar det med (evnt. lastar ned det digitale og har det klart)
Ta med legitimasjon. 

Vi lever framleis med pandemien. Det medfører at vi må vere ekstra forsiktige på valdagen. 

Alle som kjem for å røyste, må følgje dei retningslinene vi har. Valmedarbeidarar er på plass for å passe på at alt går greitt føre seg. 

Etter at vallokala har stengt

Når vallokala stenger (kl. 21:00) må vi starte på teljinga av dei røystene som har kome inn i løpet av dagen. 

Vi rapporterer inn til media fortløpande, slik at alle kan følgje med på nett og på tv for å sjå resultata. I og med at lokala stenger så seint, vil det ta ei stund før vi blir ferdige med teljinga, og får rapportert.

Godt Val!