Setesdal brannvesen IKS skal, saman med Sivilforsvaret, ha ei storøving i Bygland sentrum torsdag 10. oktober. Dei skal sette fyr på det gamle posthuset i Bygland sentrum.

Dei startar arbeidet ca kl. 12 med å øve på røykdykking, og samstundes får dei høve til å teste nytt utstyr.

Innbyggjarar og trafikantar på RV9 må altså vere førebudde på mykje aktivitet, brannbilar, uniformert personell og røyk, frå og med torsdag kl. 12.00.