"Falske nyheiter" er eit omgrep som ofte blir brukt om nyheitsliknande saker som framstår som ekte, men som heilt eller delvis er basert på løgn, eller som har utelatt informasjon for å skape ei bestemt vriding.

Ofte er det ei bevisst meining bak denne forma for falsk informasjon. Meininga kan vere å tene pengar, svindle deg, påverke dine politiske miningar, polarisere debattar eller skape forvirring i folket. "Falske nyheiter" ser ofte ut som ekte nyheiter, og kan vere vanskelege å oppdage.

Verkar saker for utrulege?
Ver skeptisk til fengjande eller utrulege overskrifter

Kven står bak?
Er du i tvil - undersøk kjelda. Er ho truverdig og ekte?

Kven har skrive saka?
Sjekk om saka har ein forfattar. Ekte nyheiter har som regel byline. (Signatur med navn og eventuell tittel)

Finn du saka andre stader?
Sjekk om saka kjem frå fleire kjelder, og om desse er truverdige.

Blir du sint når du les saka?
Ver ekstra merksam på saker som vekkjer sterke kjensler

Trur du på biletet?
Eit bilde kan også lyge - gjer eit biletsøk om du er i tvil

Klarer du å avsløre falske nyheiter? Ta testen HER

Medietilsynet har laga tre korte informasjonsfilmar om falske nyheiter