Støtte til oppgradering av bygningskroppen er for deg som tenker heilskapleg når du pussar opp, og inkluderer omfattande energitiltak i oppgraderinga. Tiltaket inneber ei forbetring av varmeisolasjonen i ytterveggar, tak, vindauger, ytterdører og grunnmur. Ei slik oppgradering vil redusere varmetapet monaleg, og dermed bidra til lågare energibruk og reduserte kostnadar. Med på kjøpet får du eit lunare inneklima og auka bukomfort.

Oppgradering av bygningskroppen egnar seg godt for deg som:

  • Skal i gong med ei større endring av bustaden
  • Skal gjere noko med til dømes tak, kledning eller vindauger
  • Har høve til å betre energistandarden på bustaden
  • Har ein bustad frå 80- tallet eller eldre
  • Ønskjer å oppgradere bustaden til dagens byggestandard eller høgare
  • Ønskjer eit godt inneklima og lågare energiutgifter
  • Ønskjer ein moderne og funksjonell bustad som krev mindre vedlikehald

Du kan og få støtte til oppgradering av bygningskroppen i din fritidsbustad

Lenke til meir informasjon