Saka var oppe i kommunestyret, 10.12.14 i sak82/14 som vedtok Vilt- og Fiskenemnda sitt framlegg om stønad til fisketiltak i Byglandsfjorden. Fisket skal utviklast med tanke på sportsfiske og turisme. Målet er på sikt å gje grunnlag for sesongfiske som kan skapa deltidsarbeidsplassar.

Samtidig som aurebestanden skal tynnast ut, må bleka skånast. Blekebestanden er i ein oppbyggingsfase med mål om eigenrekruttering (jf. Blekeposjektet). Difor skal stader med mykje bleke unngåast, men det skal fiskast hardt der det er mykje aure.

Bygland kommune har tilgong på midlar frå fiskefond og regulant som kan brukast til dette.

Sjå vedtekter og søknadsskjema

Saksutgreiing til Vilt- og fiskenemnda: Initiativ for fiske i Byglandsfjorden og Otra