Kommunen har lagt til rette for eit tilbod om barnepass for dei foreldre der begge har samfunnskritiske funksjonar, og som har barn under 12 år. Foreldre i målgruppa må ta kontakt med rektor/styrar i skule/barnehage om dei har behov for tilbod.

Informasjon om foreldrebetaling

Foreldre slepp å betale for barnehage og SFO så lenge tilbodet er stengt. Dei som bruker barnehage og SFO til vanleg har fått faktura for mars. Denne skal betalast som vanleg. Kommunen vil gjere ei avrekning for dette på neste faktura.