Status på vaksinering

Oppdatering pr. 13.09.21
Personar som har fått 1. dose: 853 (87.6 %)
Personar som har fått 2. dose: 782 (82,2)

Elevane på KVS får tilbod om vaksine i Bygland.

Det blir nå sendt ut samtykkeskjema og informasjon om vaksinering til foreldre som har barn 12-15 år.

Helsesjukepleiarane vil ha ansvar for å vaksinere denne gruppa.

Lenke til meir informasjon om vaksinering av barn og unge

Oppdatering pr. 30.08.21
Talet på vaksinerte innbyggjarar i Bygland, er i dag som følgjer:

Dose 1: 837
Dose 2: 746

Oppdatering pr. 20.08.21
Pr i dag er det 821 personar som har fått sin første dose. Dette utgjer 86% av innbyggjarane i Bygland.
Det er 552 som har fått sin andre dose. Det utgjer 53,2% av innbyggjarane.

Torsdag 26. august skal vi vaksinere med 234 doser. Vi ber alle som får innkalling på sms svare. Det vil spare oss for mykje ekstra arbeid.

Vi har og sendt sms varsling til ungdom som er 16 og 17 år om dei ynskjer vaksine.

Oppdatering pr. 09.08.21
Pr i dag er det 807 personar som har fått sin første dose. Dette utgjer 85% av innbyggjarane i Bygland.
Det er 461 som har fått sin andre dose. Det utgjer 48,7% av innbyggjarane.

Oppdatering pr. 03.08.21
Pr. i dag har 764 personar fått ein dose. Dette utgjer 80,7% av innbyggjarane i Bygland
Det er 414 personar som har fått to dosar. Dette utgjer 43,8% av innbyggjarane i Bygland

Denne veka får vi 90 dosar. Talet på dosar i veke 32 blei endra til 42, då vi fekk så mange dosar i veke 30.

Er det innbyggjarar som ikkje har fått tilbod om vaksine, ver grei å ta kontakt på tlf. 37 93 47 00.

Oppdatering pr. 27.07.21 

Vi kaller no inn alle over 18 år til dose 1 i løpet av denne veka. Har du ikkje fått innkalling til dose 1 innan måndag 2. august, men ønskjer vaksine, ber vi deg om å ta kontakt på tlf. 37 93 47 00.

Talet på vaksinerte i Bygland er som følgjer:
Dose 1: 630
Dose 2: 383

Oppdatering pr. 22.07.21
Talet på vaksinerte i Bygland er som følgjer: (Tal henta frå Folkehelseinstituttet sin statistikkbank)
Dose 1: 591
Dose 2: 363

Oppdatering pr. 19.07.21

Talet på vaksinerte i Bygland er som følgjer: (Tal henta frå Folkehelseinstituttet sin statistikkbank)

Dose 1: 583
Dose 2: 363

I veke 30 byrjar vi å vaksinere gruppe 10, 40-44 og 18-24 år.

Oppdatering pr. 09.07.21
Talet på vaksinerte i Bygland er som følgjer: (Tal henta frå Folkehelseinstituttet sin statistikkbank)

Dose 1: 571
Dose 2: 340

Oppdatering pr. 06.07.21
Informasjon om vaksinering i sommar

Vi vaksinerer no alle i gruppe 9, 45 - 54 år. Når den gruppa har fått første dose, kjem vi til gruppe 10, 18 - 24 og 40 - 44 år. Deretter er det gruppe 11 som står for tur, det er dei mellom 25 - 39 år.

No er det 12 veker mellom dose 1 og 2, men det kan endre seg. Alle over 65 år og dei som er i risikogruppe, skal ha vaksine med 6 veker mellom dosene.

Det blir sendt ut førespurnad om du vil ha vaksine og time til vaksinering på SMS via Varsling 24. Dette er ei varsling av type "Aktivt val", det vil seie at mottakar  trykke på lenka i meldinga for at kommunen skal få stadfesta at du kjem til vaksinering. Om du ikkje ønskjer/får til å trykke på lenka, kan du ringe sentralbordet på tlf. 37 93 47 00 måndag til fredag mellom kl. 10:00 og 14:00.

Vi har fått førebels tal på vaksiner for sommaren. Desse tala er usikre. Du kan sjå dei i tabellen nederst i denne artikkelen.

Oppdatering pr. 05.07.21
Vi held no på med vaksinering av gruppe 8, 55 - 64 år, og startar på gruppe 9, 45 - 54 år. Alle med underliggande sjukdommar som er prioritert av lege, har fått tilbod om første dose.

Dose 1: 535
Dose 2: 340

Oppdatering pr. 28.06.21
Vi held no på med vaksinering av innbyggjarar i gruppa 55 - 64 år.

Dose 1: 481
Dose 2: 337

Oppdatering pr. 25.6.21
Talet på vaksinerte innbyggjarar i Bygland, er i dag som følgjer:

Dose 1: 438
Dose 2: 330

Oppdatering pr. 18.06.21
Talet på vaksinerte innbyggjarar i Bygland, er i dag som følgjer:

Dose 1: 431
Dose 2: 325

For meir informasjon om status på vaksinering, kan du sjå HER

Oppdatering pr. 11.06.21
I løpet av veke 25 vil vi vere ferdige med å vaksinere alle dei som er født i 1958 og tidlegare, samt alle i moderat- og høgrisikogruppa (med 1 eller 2 vaksinedosar).

  • Dersom du er i risikogruppa og ikkje har fått tilbod om vaksine, må du ta kontakt med fastlegen din. Legen vil melde vidare til vaksinekoordinator
  • Om du er fødd i 1958 eller tidlegare, og ikkje har fått tilbod om vaksine, kan du ta kontakt direkte med kommunen på tlf. 37 93 47 00

Vi held fram med vaksinering gjennom sommaren, men veit ikkje endå kor mange dosar vi får.

Talet på vaksinerte innbyggjarar i Bygland, er i dag som følgjer:

Dose 1: 378
Dose 2: 278

Oppdatering pr. 04.06.21
Talet på vaksinerte innbyggjarar i Bygland er i dag som følgjer:

Dose 1: 350 personar
Dose 2: 247 personar

Oppdatering pr. 31.05.21
Talet på vaksinerte innbyggjarar i Bygland, er i dag som følgjer:

Dose 1: 344 personar
Dose 2: 237 personar

Oppdatering pr. 28.05.21
Av ulike årsaker har vi ikkje klart tallet på kor mange som er vaksinert pr. i dag. Dette talet vil vi legge ut førstkomande måndag.
Oppdateringa i dag er at vi i veke 23 vil få 54 dosar. Av desse vil 36 gå til å vaksinere dose 2, og 18 personar vil få sin dose 1.

Vi minner om at vi bruker Varsling24 til å sende ut SMS til dei som står for tur til vaksinering. Det er svært viktig at du som får ein slik SMS, gir tilbakemelding via lenka i SMS'en! Om du ikkje får til å bruke lenka, kan du ringe sentralbordet på tlf. 37 93 47 00 og gi beskjed. Beskjeden din vil då bli vidareformidla.
Det er og viktig at du møter opp på tida. 

Oppdatering pr. 21.05.21
Det går seint med vaksinering i kommunen på grunn av lite tilgang til vaksinar. I veke 21 får vi 42 dosar med vaksinar, og det er nok til 2. gongs vaksinering for dei som fekk første dose for 6 veker sidan. I veke 22 får vi 54 dosar, der vi kan vaksinere ein del med dose 1. 

Når vi har vaksinert ferdig alle over 65 år og dei som er i risikogruppene, kan vi ha 12 veker mellom dose 1 og dose 2. Etter at alle over 45 år er vaksinerte, skal vi vaksinere alle mellom 18 og 24 år.

Regjeringa har varsla ei geografisk skeivfordeling av vaksinar, slik at vi får redusert tal på vaksinar i ein periode.

Vi må planlegge for ei stor auke frå veke 29 (19. - 25. juli). Då er vi i den travlaste ferietida, og det blir utfordrande å organisere dette. Planlegging er vanskeleg, då vi ikkje veit kor mange vaksinar vi får. Kommuneoverlegen har saman med fleire sendt inn eit brev som protesterer på den prioriteringa som blir gjort no.

Prioritering av vaksinar i kommunen utanom aldre blir gjort av legane i Bygland, og etter lister frå andre fastlegar.

Oppdatering pr. 11.05.21
Når vi er ferdige med vaksinasjon denne veka (veke 19), har vi kome til 139 fullvaksinerte. 165 har fått dose 1. I neste veke (veke 20) får vi 30 dosar, 29 av desse går til revaksinering (dose 2).

Vi held framleis på med prioriteringsgruppe 4, og dei som er fødde i år 1953.
 

Oppdatering pr. 7.5.21
Vi har no fullvaksinert 127 personar og 165 personar har fått dose 1.

I veke 19 held vi fram med prioriteringsgruppe 4, og vaksinerer dei som er fødde i 1953.
 

Oppdatering pr. 30.04.21
Vi har no vaksinert 185 med 1. dose, og det er 108 som er fullvaksinerte.

I veke 18 vaksinerer vi dei som er fødde i 1952, og samstundes dei med underliggjande sjukdomar.
I veke 19 held vi fram med dei som er fødde i 1952.

Oppdatering pr. 23.04.21
Denne veka er det sett 30 dosar. Alle dei vaksinerte har fått sin første dose, og vi held framleis på med dei som ligg i prioriteringsgruppe 4.
Totalt for Bygland gjeld desse tala (pr. 22.4.): 270 personar har fått 1. dose og 90 personar er fullvaksinerte. Dette talet er henta frå FHI sin statistikkbank, og er difor høgare enn talet på dei vaksinasjonane som er sette av tilsette i Bygland kommune. I talet frå FHI ligg og alle som har fått vaksina i andre kommunar, men som er folkeregisterført i Bygland. Talet på vaksinasjonar tatt i Bygland er: 151 personar har fått dose 1 og 90 er fullvaksinerte.

Oppdatering pr. 20.04.21
Det er lagt til talet på dosar vi får i veke 17: Vi får 54 dosar, der 19 av desse går til å gi dose 2 og 35 går til å gi 1. dose.

Oppdatering pr. 19.04.21
Vi held framleis på med å vaksinere personar i prioriteringsgruppe 4 (Sjå kriteria for gruppe 4 nedanfor). Samstundes blir personar mellom 18 og 64 år med sjukdommar/tilstander med høg risiko vaksinerte.
 

Aldersgruppa som blir vaksinerte i denne veka er dei som er fødde i 1950/1951.

Totalt vaksinerte
Det er 90 personar som er fullvaksinerte og 121 personar som har fått første dose.

Risikogruppe 4:

Personar med følgjande sjukdommar/tilstander er definert som medisinske risikogrupper:

  • Organtransplantasjon
  • Immunsvikt
  • Hematologisk kreftsjukdom siste fem år
  • Annan aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift
  • Nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som medfører nedsett hostekraft eller lungefunksjon (til dømes ALS, cerebral parese og Downs syndrom)
  • Kronisk nyresjukdom eller betydeleg nedsett nyrefunksjon.

Prioritering av pasientar i risikogruppene blir gjort av fastlegane.

For personar som har fastlege i andre kommunar har vi fått lister der det er blitt gjort prioriteringar frå fastlege.

Vi følgjer prioriteringan frå FHI og får beskjed 7 - 10 dagar før om kor mange dosar vi får

Det er ingen i Bygland kommune som har fått vaksine frå AstraZeneca, alle som er vaksinert til no har fått Pfizer si vaksine.

Det som er viktig å vite, er at vi ikkje kan frakte oppblanda dosar frå Byglandsfjord til Bygland eller motsatt. Om eit vaksineglas blir oppblanda på Byglandsfjord, må alle dosane i glaset bli sette på Byglandsfjord.

Her kan du lese Folkehelseinstituttet sin prioriteringsrettleiar

Veke Dato Talet på dosar Til revaksinering Nye
1 5.1 6    
2 12.1 6    
3 19.1 6    
4 26.1 18 6 12
5 2.2. 30 6 24
6 9.2 24 6 18
7 16.2 24 12 12
8 23.2. 24 24 0
9 2.3. 18 18 0
10 9.3 18 12 6
11 16.3 18 0 18
12 23.3 18 0 18
13 30.3 18 0 18
14 6.4. 30 0 30
15 13.4. 42 0 42
16 20.4. 30 0 30
17 27.4 54 19 35
18 4.5. 36 18 18
19 11.5. 24 18 6
20 18.5. 30 29 1
21 24.5 42 42 0
22 31.5 54 30 24
23 8.6 54 36 18
24 15.6 48 18 30
25 22.6. 54 6 48
26 28.6 54    
27 5.6 30    
28 12.7. 36    
29 19.7. 54    
30 26.7. 60    
31 2.8. 60    
32 9.8. 42    
33 16.8 54    

Revaksinering (dose 2) av dei som har fått 1. dose med Pfizer si vaksine, skal få 2. dose etter 3 - 4 veker, medan dei som får 1. dose etter 1. mars skal vente i 6 veker før dei får dose 2.

Vi gjer merksam på at det har blitt endring i oppmøteplass ved 1 - 50 dosar: 

Leilegheit i underetasjen på Byglandsheimen. Alle vil få beskjed om kvar dei skal møte.

 

Tid og stad

Du vil få melding om oppmøtetid og -stad når du får innkalling. Det er svært viktig at ein prioriterer denne avtalen, og heller endrar på eventuelle andre avtalar. MEN, dersom ein har symptom på luftvegsinfeksjonar (som feber, hoste eller forkjøling), må ein gi melding om at ein ikkje kan møte. Då kan denne dosen gå til den neste på lista, og du vil igjen få høve til å ta vaksinen veka etter.

Ring Bygland kommune på tlf. 37 93 47 00 dersom du ikkje kan bli vaksinert.

Viktig
Ein må møte opp på tidspunktet ein har fått - ikkje før eller etter. Dette er for å hindre at mange menneske blir samla på ei gong.

Vaksinasjonsstad

Dette vil variere ettersom kor mange som skal vaksinerast, og kor mykje plass vi treng. Du vil få melding om kvar du skal møte, og kva tidspunkt du skal møte.

Vi vil så langt som råd tilpasse oppmøtestaden som ligg nærast der du bur.

Hovudregelen er:

  • Vaksinering skjer i ei leilegheit på nordsida av Byglandsheimen
  • Massevaksinering vil skje i Byglandshallen