Status pr. 15.4.21 kl. 18:30

Det har kome melding om ein positiv test i dag. Dette testsvaret ser ein i samband med smitteutbrotet på KVS. 
Det har gått to stk ut av avventande karantene på grunn av negativt testsvar.

Status pr. 15.4.21 kl. 18:30 er som følgjer:

  • Isolasjon: 6 personar
  • Karantene: 12 personar

 

Status pr. 14.04.21 kl. 18:50

Vi har ikkje fått melding om nye smitta i pr. no i dag. 

Fleire elevar har blitt køyrt heim, slik at tallet på elevar i isolasjon er lågare. Tallet på personar i karantene er justert etter kor mange som har reist heim, og kor mange som har blitt testa i løpet av dei to siste dagane.

Status på isolerte/karantene er som følgjer:

  • Isolert: 5 personar
  • Karantene: 14 personar

Status pr. 13.04.21 kl. 16:15

Vi har fått melding om 3 positive testar i dag. Det er stadfesta at det er den engelske muterte virusvarianten.

Det er framleis ikkje påvist smitta utanfor KVS. Alle smitta er anten elevar eller tilsette ved KVS.

Status på isolerte/karantene er som følgjer:

  • Isolasjon: 14 personar
  • Karantene: 15

 

Status pr. 12.4.21 kl. 17:00

Vi har fått tilbakemelding om ein positiv test i Bygland kommune i dag. Ein annan test frå i går venter vi framleis svar på, då testen måtte bli tatt på nytt.

Det er ikkje påvist smitte utanfor KVS, det vil seie at alle som er smitta anten er elevar eller tilsette ved KVS.

Status pr. no blir som følgjer:

  • Isolasjon: 11 personar
  • Karantene: 18 personar

Smittesporingsteamet er i gong med å ringe til dei som kan ut av avventande karantene.

Det blei tatt 7 testar i dag. Desse vil vi få svar på i løpet av morgondagen.

Status pr. 11.04.21, kl 21:20

Smittesporingsteamet og kriseleiinga har arbeidd i ettermiddag, og vi føler at vi førebels har kontroll på situasjonen. Det vi ser, er at smittesituasjonen hovudsakeleg gjeld KVS. Lærarar og elevar ved KVS er sette i karantene. (Dei smitta er sette i isolasjon)

Status isolasjon/karantene/testing:
Isolasjon: 10 personar
Karantene 64 personar

Det er i dag testa 34 personar.

Tala i dei ulike kategoriane kan endre seg.

Har du symptom?
Om du opplever symptom på Covid-19, må du ta kontakt med legekontoret for å avtale testing.
Ei oversikt over symptom finn du HER 

Hugs smittevernreglane!
No er det særs viktig at alle held 2 meter avstand. Der det ikkje er mogleg tilrår Bygland kommune bruk av munnbind.
Vi må begrense vår sosiale kontakt, og ikkje ha besøk av meir enn 2 personar.
Lenke til dei nasjonale retningslinene

Skulane og barnehagane er opne
Kommuneoverlegen ser pr. i dag ingen grunn til å stenge skulane og barnehagane.

Om situasjonen endrar seg, vil alle få melding om dette i så god tid som mogleg.

 

Viktig beskjed frå kommuneoverlegen, 11.4.21 kl. 16:30

Av dei prøvene som blei tatt i går 10.4.21 har vi førebels fått melding om 9 positive prøver og 2 usikre.

Kommuneoverlegen vil oppmode alle som har vore i kontakt med elevar og lærarar ved KVS om å møte opp for testing på teststasjonen kl. 18:00.
Teststasjonen ligg bak kommunehuset. Det er skilta.

Smittesituasjonen i Bygland pr. 10.4.21

Bygland kommune fekk laurdag 10.4.21 melding om 1 stadfesta smittetilfelle av Covid-19 knytta opp mot KVS Bygland. Kriseleiing er no sett. Den smitta er i isolasjon, og alle nærkontaktar vert testa og sit i karantene. Pr. laurdag kveld er smittekjelda ukjent.

Status på isolasjon/karantene/avventande karantene 10.04.21, kl 21:40

  • Isolasjon: 1 person
  • Karantene: 36 personar
  • Avventande karantene: 27 personar

Talet på personar i dei ulike kategoriane kan bli justert etterkvart.

Kriterie for testing

  • Kommuneoverlegen tilrår at dei som har vore i kontakt med elevar på KVS  testar seg
  • Desse kan møte opp ved teststasjonen kl. 18:00

Teststasjonen ligg på baksida av kommunehuset. Vegen til teststasjonen er merka med skilt