Kommunestyret fekk fyrst opp saka til handsaming den 7.10.2014. Der bad dei om nokre endringar i reglementet slik at administrasjonen fekk saka tilbake, og den blei handsama på nytt i sak 75/14 den 6.11.2014.

Vedtaket frå dette møtet såg slik ut: "Kommunestyret godkjenner vedlagde reglement for kommunal tilskotsordning til fiberutbygging." (Dokumenta frå saka finn du lenger nede på sida).

Kva er vegen vidare? I og med at det er fatta vedtak på at tilskotsordninga skal setjast i gong, held no administrasjonen på å finne den best moglege framgangsmåten. Det ein veit no, er at det vil bli eit folkemøte på nyåret. Nøyaktig kva dato dette blir, veit me ikkje endå. Det vil bli annonsert i Setesdølen, på heimesida vår og på Facebook.

Politisk sak 60/14, 7.10.2014

Politisk sak 75/14, 6.11.2014

Vedteke reglement for kommunal tilskotsordning til fiberutbygging