Dersom du ikkje står i manntalet, kan du ikkje røyste ved valet i september. Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn fom. 24. juli til 11. september på desse stadene: kommunehuset,biblioteket på Bygland og Byglandsfjord, Coop Byglandsfjord og Coop Ose. Har du nyleg flutt til kommunen og folkeregisteret har tatt i mot flyttemelding frå deg innan 30. juni 2017, skal du stå i manntalet i tilflyttingskommunen. Blei flyttemeldinga mottatt etter denne datoen, står du framleis i manntalet i den kommunen du flutte frå. Du kan då velje om du vil røyste der på valdagen eller røyste på førehand. Dersom du meiner sjølv, eller nokon annan, med urett er innført eller utelate frå manntalet, kan du krevje at valstyret retter opp feilen. Kravet skal vere skriftleg og grunngjeve. Adressa til valstyret er: Bygland kommune, Sentrum 18, 4745 Bygland.

FØREHANDSRØYSTING

I perioden 10. august til 08. september er det førehandsrøysting i kommunehuset kvar dag kl. 09.00–15.00. Me vil også ha førehandsrøysting på Byglandsheimen etter avtale. Valting er sundag 10. september på kommunehuset og Årdalshallen og måndag 11. september på kommunehuset, Årdalshallen, skulehuset i Grendi og Ose grendehus. Sjå valkortet for informasjon om opningstid. Veljarar som grunna sjukdom eller uførleik ikkje kan røyste på førehand eller på valtinget, kan søkje om ambulerande røysting heime. For å bestille ambulerande røysting kan du sende ein e-post til post@bygland.kommune.no eller ringe 379 34 700. Fristen for dette er måndag 28. august. 

Her kan du lese meir om valet