Med unntak av nokre få snøskuterløyve som blei gjevne seint i vinter, har alle gjevne løyve gått ut våren 2015. Totalt blei det gjeve om lag 650 snøskuterløyve i løpet av førre fireårsperiode, 2011 - 2015. Vi reknar med om lag like mange søknadar i neste periode, og vil prøve å få handsama ein del søknadar alt no i sommar.

Komplette søknadar blir handsama etter tur ut frå dato dei er arkiverte i vårt system. Er søknaden ufullstendig, vil Tenestetorget måtte ta kontakt med søkjar. Søknaden blir fyrst vidarefordelt til sakshandsamar når den er komplett. Det skal fyllast ut ein søknad med kartvedlegg for kvar søkjar, sjølv om de søkjer om løyve inn til same hytta.

Ved at alle søkjarar sender oss godt leselege kart og søknadsskjema der alle nødvendige rubrikkar er fylde ut, vil de spare oss for ekstra arbeid og søknaden vil kunne ekspederast raskare.

Alle søknadar som kjem inn til oss, må vi scanne inn og arkivere med rett søkjarnamn. Søknaden blir så fordelt av tenesteleiar til sakshandsamarar. Søknadar etter §§ 5b), 5c), 5d) og 5e) kan avgjerast administrativt, medan søknadar etter §§ 5a) og 6 skal handsamast i Plan-, miljø og ressursutvalet. Når det gjeld søknadar om ervervsløyve, § 5a), vil vi annonsere søknadsfrist utpå haustparten.

Alle som søkjer snøskuterløyve må fylle ut skjema som de finn under fana "Sjølvbetening" og deretter "Skjema A - Å". Under bokstaven M finn de to ulike søknadsskjema for snøskutertransport:

  • Søknad om løyve til motorferdsel i Bygland kommune:  Dette skjemaet brukar de for transportsøknadar utanfor verneområdet
  • Søknadsskjema for motorferdsel i verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane: Alle som søkjer om transport inn i Setesdal Veshei, Ryfylkeheiane landskapsvernområde skal bruke dette skjemaet. Bygland kommune vil vidaresende søknaden til den interkommunale forvaltningsstyremakta for verneområdet (SVR).
     

Korleis fyller eg ut skjemaet?

Skjema om løyve til motorferdsel i Bygland kommune er på tre sider. Alle personopplysningar på fyrste sida skal fyllast ut. De kryssar så av kva type transport de søkjer om, og fyller ut rubrikkane her. Siste sida skal alle søkjarar uansett søknadstype fylle ut. Ekstra opplysningar vedkomande søknaden fyller de inn under Tilleggsopplysningar til søknaden  om nødvendig, eller de lagar eit eige skriv som de legg ved søknaden. Hugs å leggje ved godt leseleg kart der køyreruta er teikna inn. Kopiering og skanning av kart vil gjere kartet vanskeleg å lese. Kart kopiert frå gamalt løyve vil normalt ha for dårleg kvalitet, og kan ikkje brukast. Kart kan de m.a. søkje opp ved å gå inn på fana Kart  på heimesida til kommunen, og deretter gå inn på Setesdal - Kart på nett.

Om de fyller ut skjemaet på eigen pc, må det lagrast der før det blir sendt i epost/post til Bygland kommune. Skjemaet kan ikkje sendast inn direkte.

Søknadsskjema vil og vere tilgjengeleg i papirutgåve på tenestetorget i Bygland.

Vi vonar de har forståing for at de dessverre må rekne med lang behandlingstid på grunn av mange søknadar. Vidare at de avhjelper oss med å sende oss fullstendige søknadar.

Spørsmål kan rettast til post@bygland.kommune.no eller på tlf 379 34 700.