Dette er den informasjonen som gjeld pr. 18.08.20

Regjeringa oppmodar folk om å unngå reiser til utlandet som ikkje er heilt naudsynte.

Alle som kjem til Noreg frå utlandet, med unntak av dei områda i Europa med tilstrekkeleg låg smittespreiing (sjå kart HER) skal vere i heimekarantene i 10 dagar. Kva land/område som er unnateke karanteneplikta vil kunne endre seg raskt, og oversikta blir oppdatert minst kvar 14. dag.

Tilsette i helsetenesta, inklusive nytilsette og vikarar som i løpet av siste 10 dagar har vore i regionar og land utanfor Noreg som ikkje er omfatta av karanteneplikt, bør informere arbeidsgjevaren før dei skal tilbake på jobb.

I og med at dette er informasjon som kan endre seg raskt, er det svært viktig at ein sjølv tek ansvar for å halde seg oppdatert på Folkehelseinstituttet sine heimesider!