Smittevernråd på ulike språk

Ramadanrettleiing URDU

Ramadanrettleiing SOMALI

Ramadanrettleiing ARABISK

Ramadanrettleiing TYRKISK

Ramadanrettleiing DARI

Ramadanrettleiing KURDISK

Smittesituasjonen i Noreg er ustabil, med nye og meir smittsame virusvariantar og fleire innleggingar på sjukehus. Gjeldande smittevernråd vil i stor grad påvirke årets feiring og gjennomføring

Sosiale samankomster

Sosiale samankomster gir auka risiko for smittespreiing, og alle må avgrense kor mange vi er saman med.

Dei strenge nasjonale tiltaka som blei innført før påske, skal minst vare til 14. april. Då skal vi ikkje ha arrangement og vi kan ikkje har meir enn 2 gjester heime. Det er tilrådd å halde 2 meter avstand til andre personar der det er mogleg. For å unngå mange nærkontaker, bør ingen vere med mange ulike personar i løpet av ei veke.

Sidan ramadan varer ei stund, kan reglane og tilrådingane endre seg. Om tiltaka blir letta på etter 14. april, vil det framleis vere strenge tiltak i mange kommunar der det er mykje smitte. Det er difor svært viktig at alle undersøkjer kva reglar som gjeld i den kommunen dei bur i. Om det kjem nastonale lettelsar på tiltaka, vil FHI oppdatere råda for ramadan.

Samling i moske

Samling i moské blir rekna som eit arrangement og kan difor ikkje bli gjennomført med dei strenge nasjonale tiltaka som gjeld i dag.

Ved endringar i tiltak vil oppdaterte retningsliner for arrangement og private samlingar finnast her:

Reiser

Regjeringa tilrår å unngå reiser. Dette gjeld også for ramadan, sjå:

Reiser til utlandet blir frårådd. Om du likevel er heilt nøydd til å reise, må du bu på karantenehotell ved retur til Noreg, sjå: 

Unngå alle unødvendige reiser innanlands. Fritidsreise blir rekna som ei unødvendig reise

Vaksinasjon

For råd om vaksinasjon mot covid-19 i fastetida, sjå: 

Meir generell informasjjon om koronavaksine finn du her: 

Koronavaksine - informasjon