Føresetnaden for å få ein slik autorisasjon er at ein:

  • eig eller leige ein landbrukseigedom
  • har gyldig plantevernmiddelautorisasjon
  • har gått på tilleggskurs for gnagarbekjemping og har bestått eksamen (5 timar + 1 time eksamen)

Autorisasjon skal brukast til å bekjempe mus/rotter på eigen eller leigd landbrukseigedom inkl. veksthus. Gnagarmidlane kan bare bli brukt i og rundt bygningar, ikkje for å verne planter/avlingar i t.d. åker. Kva preparat som vil vere omfatta av ordninga vil stå på etiketten til gnagarmidlane. Meir informasjon om regelverket og svar på ofte stilte spørsmål finn du hos Mattilsynet. Autorisasjonen må fornyast etter 10 år.

Mattilsynet har godkjent at kurs kan bli gjennomført frå heimen via PC på grunn av koronasituasjonen.

Du vil då få tilsendt ei lenke på e-post som du klikkar på. Du treng ikkje installere noko program på førehand.

Kurs hausten 2020 (5 t. + 1 t. eksamen)

  • måndag 2. november kl. 17:00 - 22:00
  • tysdag 17. november kl. 09:30 - 14:30
  • onsdag 25. november kl. 17:00 - 22:00
  • torsdag 10. desember kl. 09:30 - 14:30

Eksamen
Etter kurset er det eksamen. Denne tar du på landbrukskontoret.

Pris
Kursavgift inkl. bok og eksamensavgift: 1 550.- for medlemmer i NLR Agder, 3 100.- for ikkje-medlemmer.

Kurshaldar
Astrid Gissinger, ag@nlr.no, tlf 917 63 115

Påmelding her

"Regelverk og instruks
Bestemmelsene om gnagermiddelautorisasjon er tatt inn i plantevernmiddelforskriften. Øvrige krav til bruk av gnagermidler finnes i Forskrift om skadedyrbekjempelse. Når det gjelder kommunenes og fylkesmannens oppgaver er  Instruks til kommune og fylkesmann om utøvelsen av delegert myndighet etter plantemiddelforskriften oppdatert til å også omfatte gnagermidler.
Kurslitteratur:
https://agder.nlr.no/media/3236097/kursbok-gnagerkurs-nlr-64-sider.pdf"