Skulestart

I Bygland kommune startar skulane opp att etter sommaren, torsdag 19.8. kl. 09:00.

Velkomen til eitt nytt skuleår!

Smittevern

I høve dei nasjonale retningslinene for Covid-19, kan skulane starte opp att på grønt nivå. På grønt nivå kan skulekvardagen bli gjennomført tilnærma normalt, og det er ikkje behov for organisering i kohortar. Det vil framleis vere nokre smitteverntiltak:

  • Ingen sjuke skal møte på skulen
  • Det er viktig å halde avstand der det er mogleg
  • Normalt reinhald og god handhygiene

Ny tenesteleiar på Byglandsfjord oppvekstsenter

På Byglandsfjord oppvekstsenter er Lene Fjerdingstad blitt konstituert tenesteleiar fram til jol.

Redusert foreldrebetaling

Kommunen skal ha ei ordning som kan tilby reduksjon i foreldrebetalinga, slik at den per barn utgjer maksimalt 6% av inntektene til hushaldninga