Kurset inneheld grunnleggjande informasjon om skatt, meirverdiavgift, elektronisk innlevering og noko om krav til reknskap. Det passar difor og for dykk som går med tankar om å starte, men som enno ikkje har registrert organisasjonsnummer i Enhetsregisteret.

Kurset varer 3,5 timar, og blir gjennomført anten på kvelds- eller dagtid. Merk at det er separate kurs for dei to organisasjonsformene enkeltpersonforetak (ENK) og aksjeselskap (AS).

Det er kurs i Kristiansand, Skien, Tønsberg, Drammen og Hønefoss.

Stad/dato og moglegheit for påmelding finn du her: http://www.skatteetaten.no/kurs