Forslagstillarane si grunngjeving: 

"I 2009 kom planane om eit kor i gang i Bygland. Siv Eline Jacob var rask med å tilby seg å vere dirigent, og med på lasset følgde Runar. Koret hadde både dirigent og pianist og det skulle vise seg å vere eit supert team!


Kong Hanes Efterfølgere vart etablert i februar 2010 og dei 12 siste åra har desse to leia koret gjennom 4 store og mange små konsertar. Det har vore til stor glede for dei som er med og for konsertpublikummet.


Det viktigaste bidraget er kanskje likevel det dei gjer kvar onsdagskveld i musikkrommet på Bygland skule. Då er det korøving for ca. 20 songglade Byglendingar frå heile kommunen. I tillegg til øvingar kvar veke har dei leia koret gjennom fleire øvingshelger. Duoen har ei unik evne til å få hard jobbing til å bli gøy. Med deira smittande humør og energi er det ei glede for alle som er med. Å sjå Siv Eline i sving som dirigent er ei glede for både koristar og publikum. Tilbakemeldingar får publikum går ofte på det at det ser ut som vi har det så gøy. Og det har vi. Siv Eline og Runar har skapt eit miljø for både trivsel og songglede.


Runar er spesielt kyndig musikar som støtter koret i alle situasjonar på ein imponerande måte. Han er eit musikalsk geni som saman med Siv Eline, får ein gjeng med amatørar til å framstå som nokså samstemte. I tillegg til å traktere fleire instrument, arrangerer han også noter til noko av musikken koret framfører.


Konsertane har alltid hatt fulle hus her i Bygland. Koret har også hatt konsertar og opptredenar i andre kommunar, og set på denne måten Bygland på kartet i forhold til song og musikk.
Siv Eline og Runar er eldsjeler som har skapt, og held liv i eit viktig musikkmiljø i kommunen. Dei har alltid prioritert koret høgt og har i alle år klart å klemme det inn i ein travel familiekvardag."