Ved å gå på nettsida www.smg-iks.no kan du enkelt sjekke tømmedatoane for di adresse og bestille gratis sms-varsling slik at du får ein sms kvelden før avfallet blir henta. Nettsida vil innhalde nyttig informasjon for kundar og abonnentar, og viktige driftsmeldingar som forseinkingar og liknande vil og bli lagt ut der.

I tillegg blir appen "Min Renovasjon, bli lansert. Denne inneheld tømmekalender og moglegheit for å bestille varsel. Du kan og få varsel på fleire adresser, noko som er nyttom om du hjelper andre med å sette fram dunkar.

Det blir no slutt på å sende tømmekalender i posten til alle husstandar. Men, dei som framleis ynskjer å få tømmekalenderen på papir, kan bare ta kontakt med Setesdal Miljø og Gjenvinning på telefon 37 93 00 40, så sender dei eit eksemplar i posten.