Kjære pårørande

Helse- og omsorgstenesta i Bygland kommune er inne i ein unntakstilstand. Hovudfokus nå er å unngå å få koronasmitte inn i institusjonane og bufellesskap, der det bor noen av dei som er mest sårbare for smitte. Eit av tiltaka som allereie er satt i verk, er som kjent besøksforbodet.

Forsking viser likevel at koronaviruset kan leve i 3 timer i lufta, 24 timer på papp og opptil 3 døgn på plast og rustfritt stål.

Som kommuneoverlege med ansvar for smittevern har eg saman med kommunen sin helse- og omsorgsteneste vore i kontakt med Folkehelseinstituttet for å avklare ytterlegare. På bakgrunn av desse samtalane har eg difor valt å setje i verk følgjande tiltak:

Når du som pårørande handlar mat, må desse varene ikkje leveras rett frå butikk til bebuaren. Ta kontakt med avdelinga som vil kunne oppbevare maten kjølig i 3 døgn før det gis til bebuaren. Dette gjeras for å være sikker på at det ikkje er levende koronavirus på varene. Dette tiltaket gjelder ikkje berre for matvarer, men også for andre type varer som handlas inn til bebuarane (blomster, gåver o.l.).

Vi veit at de som pårørande er like redde for å bringe smitte inn til dykkar kjære som vi er. Så vi ber dykk om å tenke dykk om når de handlar, og huske på at de alltid må være 3 døgn i forkant når det gjeld varer som bebuarane vil trenge.

Eg vil fortløpande evaluere tiltaka og vurdere når dei eventuelt skal endras eller opphøyra.

 

Med vennlig helsing
Åsulv Horverak
Kommuneoverlege/ smittevernlege