Bakgrunnen for at kommunen sitt sentralbort vert automatisert, er resultat av intern omorganisering og som eit ledd i kuttprosessen kommunen har vore gjennom. Det er ikkje unikt at folk som ringjer til offentlege instansar kjem til eit automatisert sentralbord, men no er Bygland den fyrste kommunen i Setesdal som nyttar seg av denne løysinga.

For at publikum ikkje skal oppleve dette som brysamt, vil kvar husstand i kommunen få tilsendt ein telefonkatalog med direkte telefonnummer til einingar og tilsette i kommunen. Telefonkatalogen vil kome i postkassa i løpet av veke 19. I tillegg vil vi leggje ut nokre eksemplar i butikkane på Byglandsfjord, Bygland og Ose for hyttefolk og fritidsbustadar.

Telefonkatalogen finn du og på høgre side i denne artikkelen.