Rullering av handlingsdelen til kommunedelplan for Idrett, Friluftsliv-, fysisk aktivitet og kulturanlegg

Handlingsdelen skal rullerast kvart år.
Det er viktig å sørgje for medverknad i planprosessen. Kommunen ber difor lag og organisasjonar som har planar om å søkje om spelemidlar for 2022. om å opplyse kommunen skriftleg om dette.  

Det er ikkje mogleg å søkje om spelemidlar i 2022, dersom ikkje prosjektet er med på denne planen.

Unntak:
Orienteringskart
Skilting/merking av eksisterande turveier tur/skiløyper/turstiar.
Nærmiljøanlegg med kostnadsramme under 600 000 kr.

Fristen for skriftleg innspel er 20. oktober.

Innspel kan sendast til: 
Bygland kommune, Sentrum 18, 4745 Bygland /epost: post@bygland.kommune.no

Merk innspelet med: Innspel til rullering av IFK plan/spelemidler 2022.

Søknad om statlege tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet:

Idrettslag, burettslag og foreiningea kan søke om tilskot til bygging eller rehabilitering av idretts og nærmiljøanlegg.

Ein kan søkje om ordinære idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og til anlegg for egenorganisert fysisk aktivitet.'

Dersom du skal søkje om spelemidlar for 2022, gjer du dette elektronisk på anleggsregisteret.no

Søknaden må vere sendt innan 1. november 2021.

Spørsmål kan rettast til: Anne Fauske, Tlf: 945 10 770, epost: anne.fauske@bygland.kommune.no.