Kommunen vil saman med dei andre kommunane langs Otravassdraget kreve  revisjon av konsesjonsvilkåra gitt i samband med utbyggingar i Otravassdraget. Vi treng  innspel  på saker som kan vere aktuelt å ta opp i revisjonen.

Kva som kan takast med i ein revisjonen av konsesjonsvilkåra vil typisk vere skader og ulemper, som vart påført pga. kraftutbygginga, og som ein ikkje såg føre seg då konsesjonen vart gjeven. Hovudformålet i ein revisjon vil dermed vere å sette i verk miljøforberedande tiltak for å bøte på skader som ikkje vart vurdert på konsesjonstidpunktet.

Døme på område ein kan få ta opp i ein revisjon er:

  • minstevassføring

  • vasspegel, tersklar

  • magasinrestriksjonar

  • tilhøve for vilt og fisk

  • tilrettelegging for ferdsel og friluftsliv (turvegar, båt, badeliv)

  • estetiske tiltak

  • erosjonssikring
  • tiltak for oppretthalde den økologiske balansen i vassdraget

Det vil ikkje vere mogleg å  få revidert høgast og minste vasstand i magasina, men det kan gis restriksjonar på fyllingsgrad av magasin i periodar av året av omsyn til dyreliv, friluftsliv, ferdsel m.m.

Merk at det berre er ålmenne vilkår som kan takast opp, spesifikke grunneigarspørsmål som t.d. skjønn og erstatningar er ikkje tema.
Lista er ikkje uttømmande. Det er viktig å få med alle tenkjeleg forhold i prosessen vidare.

Vi ynskjer primært skriftlege innspel til  post@bygland.kommune.no  innan 20. april.

For spørsmål kan de kontakte skogbrukssjef Inge Olav Fjalestad på tlf. 379 34 755 eller e-post inge.olav.fjalestad@bygland.kommune.no