Rettleiar førebygging av vold i nære relasjonar

Rettleiar førebygging av vold i nære relasjonar

Region Setesdal ønsker å styrke arbeidet for å førebygge og avdekke vold i nære relasjonar, slik at naudsynt hjelpetilbod og beskyttelse blir ivaretatt. Alle må gjere sitt for å hindra at noen blir utsett for vold. Når det gjeld barn må barnets beste vere eit overordna prinsipp.

Formål med rettleiar førebygging av vold i nære relasjonar er at den skal være eit verktøy for å hindre, avdekke og handtere all form for vold i nære relasjonar. Haldninga nulltoleranse for vold er lagt til grunn. Rettleiaren skal vere med å bidra til at alle som arbeidar og/eller er i kontakt med barn, unge og vaksne skal tørre å sjå, høyre og handle klokt.

Sjå: Rettleiar førebygging av vold i nære relasjonar

Rettleiar førebygging av radikalisering og voldeleg ekstremisme

Formål med rettleiar førebygging av radikalisering og voldeleg ekstremisme er eit verktøy for å børebygge all form for voldeleg ekstremisme – det vere seg politisk, ideologisk og/eller religiøst motivert ekstremisme og er retta inn mot både barn, unge og vaksne.

Målgruppe er tilsette i psykisk helse og rus, helse, kultur, barnevern, grunnskole, vidaregåande skule og vaksenopplæring, flyktningtenesta, asylmottak, NAV, politi og frivillige organisasjonar.

Tidleg innsats krev kunnskap om risikofaktorar og kunnskap om teikn på radikalisering. Ved å gripe inn tidleg i ein radikaliseringsprosess vil ein kunne auke moglegheita for å lykkast i å snu ei uheldig utvikling.

Sjå: Rettleiar førebygging av radikalisering og voldeleg ekstremisme

SLT - Samordningsmodell for Lokale rus- og kriminalitetsforebyggende tiltak

SLT er ein Samordningsmodell for Lokale rus- og kriminalitetsforebyggende Tiltak. Formål med modellen er å sikre at dei ressursane som allereie finnast hos kommunen og politiet vert meir samkøyrde og målretta. 

Du kan lese meir om SLT her