Den 5. september var det politisk debatt på Bygland skule.

Til stades i publikum var 7. klasse på både Bygland og Byglandsfjord, samt ungdomsskulen på Bygland. Samtlege politiske parti i kommunen stilte med representantar. Debatten dreide som om alt frå gratis skulemat, leksefri skule, offentleg transport, vindmøller, berekraftig utvikling og arbeidsplassar for å nemne noko.

I etterkant av debatten vart det gjennomført val. Der fekk elevane høve til å røyste. Det var ei lærerik oppleving for både store og små, gamle og unge. Og dette går rett inn i dei tverrfaglege temaa «Demokrati og medborgerskap»

Då vil Bygland og Byglandsfjord oppvekstsenter ønske godt val til alle i kommunen!

Resultat frå skuleval 2023.JPG

Tekst: Arne Haugetveit